tirsdag 17. januar 2017

Skjåkkalender og Kvelds-seto

Godt nyttår!
Skjåk Historielag vil sende ein takk til alle som støtta oss ved å kjøpe Skjåkkalenderen og Kvelds-seto. Vi set og pris på alle som viser interesse ved å koma med bilete og anna arkivmateriale.

Vi gjer merksam på at over 1400 bilete er lagt ut på digitalt museum og at den som ynskjer det kan søke dei opp på nettet.

Alle våre trykte produkt kan du få kjøpt på Akantus på Skjåk Kjøpesenter. Eldre utgåver av Skjåkkalender og Kvelds-seto kan du få kjøpt hjå oss på Lokalsamlinga ved Skjåk folkebibliotek.

skjak.kommuneTransport av påsketuristar frå Liavatnet som skal til Mysubytta - frå ca 1950