torsdag 15. mars 2018

Årsmøte i Skjåk Historielag



Stad: Skjåk Turistheim
Tid: Tysdag 10. april kl. 19.30
1. Vanlege årsmøtesaker.
2. Underhaldning: Forfattaren Thor Gotaas vil halde eit foredrag om loffarar
3. Servering

mandag 26. februar 2018

Stor interesse for bileta våre


Frå Ofossen ysteri ca. 1917. Foto: Kristian Stakston


Historielaget takkar for interessa for bileta vi har lagt ut på Digitaltmuseum


Det kjem til uttrykk ved mange kommentarar, rettingar og tillegg. Dette er svært verdfullt i arbeidet med datering og namning av bileta. Vi gjer merksam på at nesten heile fotosamlinga etter Kristian Stakston no ligg ute.

Det er ein del bilete som vi må få digitalisert på nytt. Desse vil bli lagt ut etter kvart. Nokre bilete er og sperra pga skadar på dei originale glasplatene. Det same gjeld enkelte bilete der motivet er av ein slik karakter at pårørande bør få ha eit ord med i laget. I stor grad gjeld det avbilda personar i open kiste. Det er og ein del bilete med store folkehopar som ikkje er så enkle å namne.

Kopiar av desse vil i neste omgang bli merka med nummer som svarar til dei nummerlistene som er registrerte i dei enkelte bilete. Resultatet av dette vert så lagt inn som  bilete nummer 2 bak det som alt ligg inne i registreringane. Historielaget har kopiar med nummer på, så skulle du ynskje å sjå dei eller få dei tilsendt medan du ventar, kan du ta kontakt.

Bileta ligg på nettsida DigitaltMuseum:
Skriv inn OANS i søkjefeltet, og du får fram bilete frå Skjåk.




onsdag 3. januar 2018

Skjåkkalender og Kvelds-seto 2018


Godt nyttår!
Skjåk Historielag vil sende ein takk til alle som støtta oss ved å kjøpe Skjåkkalenderen og Kvelds-seto. Vi set og pris på alle som viser interesse ved å koma med bilete og anna arkivmateriale.

Alle våre trykte produkt kan du få kjøpt på Akantus på Skjåk Kjøpesenter. Eldre utgåver av Skjåkkalender og Kvelds-seto kan du få kjøpt hjå oss på Lokalsamlinga ved Skjåk folkebibliotek.



tirsdag 28. mars 2017

No kan du bestille bilete

Informasjon om biletsamlinga vår

Vi takkar for den store interessa personar frå nær og fjern viser biletsamlinga vår på Digitaltmuseum. Det kjem til uttrykk ved tingingar og korrigeringar. 

Vi får og namna personar og hendingar som tidlegare var ukjende for oss. Vi har no kome så langt at vi må ta betaling for arbeidet med skanning og overføring av bilete til tingarane. Prisen på kvart objekt set vi til 50 kroner. Ved tinging av fleire bilete vert det pris etter avtale på førehand.

Søketips finn du her:


Skjåk: Paktarfamilien på prestgarden i 1915. Skjåk historielag
Skjåk: Paktarfamilien på prestgarden i 1915